Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes 8:11-19 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

11. «Nei, Herre, ingen», svara ho. Då sa Jesus: «Så dømmer ikkje eg deg heller. Gå bort og synd ikkje meir!»}}

12. Igjen tala Jesus til folket og sa: «Eg er lyset i verda. Den som følgjer meg, skal ikkje vandra i mørkret, men ha livsens lys.»

13. Farisearane sa til han: «Du vitnar i eiga sak, vitneutsegna di er ikkje gyldig.»

14. Jesus svara: «Om eg vitnar i mi eiga sak, er vitneutsegna mi gyldig likevel. For eg veit kvar eg er komen ifrå og kvar eg dreg. Men de veit korkje kvar eg kjem ifrå eller kvar eg dreg.

15. De dømmer slik menneske gjer; eg dømmer ingen.

16. Men om eg dømmer, så er dommen min gyldig. For eg er ikkje åleine, eg er saman med Far, han som har sendt meg.

17. Og i dykkar eiga lov står det skrive at ei vitneutsegn frå to menneske er gyldig.

18. Eg er den som vitnar om meg sjølv. Far som har sendt meg, vitnar òg om meg.»

19. «Kvar er far din?» spurde dei. Jesus svara: «De kjenner verken meg eller Far min. Hadde de kjent meg, hadde de kjent Far min òg.»

Les hele kapitlet Johannes 8