Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes 8:1-14 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. og Jesus gjekk ut til Oljeberget.

2. Tidleg om morgonen dagen etter kom han til tempelet att. Alt folket samla seg omkring han, og han sette seg og underviste dei.

3. Då kom dei skriftlærde og farisearane med ei kvinne som var gripen i ekteskapsbrot. Dei førte henne fram

4. og sa: «Meister, denne kvinna har dei gripe på fersk gjerning i ekteskapsbrot.

5. I lova har Moses påbode oss å steina slike kvinner. Kva seier no du?»

6. Dette sa dei for å setja han på prøve, så dei kunne få noko å klaga han for. Jesus bøygde seg ned og skreiv på jorda med fingeren.

7. Men då dei heldt fram med å spørja, rette han seg opp og sa: «Den av dykk som er utan synd, kan kasta den første steinen på henne.»

8. Så bøygde han seg ned att og skreiv på jorda.

9. Då dei høyrde dette, gjekk dei bort, den eine etter den andre, dei eldste først. Til sist var Jesus att åleine, og kvinna stod framfor han.

10. Då rette han seg opp og sa: «Kvar er dei, kvinne? Var det ingen som dømde deg?»

11. «Nei, Herre, ingen», svara ho. Då sa Jesus: «Så dømmer ikkje eg deg heller. Gå bort og synd ikkje meir!»}}

12. Igjen tala Jesus til folket og sa: «Eg er lyset i verda. Den som følgjer meg, skal ikkje vandra i mørkret, men ha livsens lys.»

13. Farisearane sa til han: «Du vitnar i eiga sak, vitneutsegna di er ikkje gyldig.»

14. Jesus svara: «Om eg vitnar i mi eiga sak, er vitneutsegna mi gyldig likevel. For eg veit kvar eg er komen ifrå og kvar eg dreg. Men de veit korkje kvar eg kjem ifrå eller kvar eg dreg.

Les hele kapitlet Johannes 8