Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes 7:6-19 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

6. Jesus sa til dei: «Mi tid er enno ikkje komen, men for dykk er det alltid rette tida.

7. Verda kan ikkje hata dykk, men meg hatar ho fordi eg vitnar om henne at gjerningane hennar er vonde.

8. Dra de opp til høgtida; eg dreg ikkje, for mi tid er enno ikkje komen.»

9. Dette sa han til dei og vart verande i Galilea.

10. Men då brørne hans hadde drege opp til høgtida, drog han òg dit, ikkje openlyst, men i løynd.

11. Jødane leita etter han under høgtida og spurde: «Kvar er han?»

12. Og det vart mykje snakk om han mellom folket. Somme sa: «Han er eit godt menneske.» Andre sa: «Nei, han fører folket vill.»

13. Men ingen sa høgt kva dei meinte om han, for dei var redde jødane.

14. Då det leid midt ut i høgtida, gjekk Jesus opp på tempelplassen og tok til å undervisa.

15. Jødane undra seg og sa: «Korleis kan han ha slik kunnskap, han som ikkje har fått noka opplæring?»

16. Jesus svara: «Mi lære er ikkje mi; ho er frå han som sende meg.

17. Den som vil gjera hans vilje, han skal få kjenna om læra er frå Gud, eller om eg talar ut frå meg sjølv.

18. Den som talar ut frå seg sjølv, søkjer si eiga ære, men den som søkjer ære for den som har sendt han, han talar sant, og det finst ikkje urett i han.

19. Har ikkje Moses gjeve dykk lova? Men ingen av dykk held lova! Kvifor vil de då drepa meg?»

Les hele kapitlet Johannes 7