Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes 7:48-53 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

48. «Er det nokon av rådsherrane som trur på han, eller nokon av farisearane?

49. Men denne folkehopen som ikkje kjenner lova – dei er forbanna.»

50. Då sa Nikodemus, ein av deira eigne, han som før ein gong hadde kome til Jesus:

51. «Lova vår dømmer vel ikkje eit menneske utan forhøyr, før ein har fått vita kva han har gjort?»

52. «Er du òg frå Galilea, kanskje?» svara dei. «Sjå etter i Skrifta, så skal du få sjå at det ikkje har stått fram nokon profet frå Galilea.»

53. {{Så gjekk dei heim, kvar til seg,

Les hele kapitlet Johannes 7