Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes 7:4-15 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

4. For ingen som vil bli kjend, gjer noko i løynd. Når du gjer slike ting, så stig fram for verda!»

5. For heller ikkje brørne hans trudde på han.

6. Jesus sa til dei: «Mi tid er enno ikkje komen, men for dykk er det alltid rette tida.

7. Verda kan ikkje hata dykk, men meg hatar ho fordi eg vitnar om henne at gjerningane hennar er vonde.

8. Dra de opp til høgtida; eg dreg ikkje, for mi tid er enno ikkje komen.»

9. Dette sa han til dei og vart verande i Galilea.

10. Men då brørne hans hadde drege opp til høgtida, drog han òg dit, ikkje openlyst, men i løynd.

11. Jødane leita etter han under høgtida og spurde: «Kvar er han?»

12. Og det vart mykje snakk om han mellom folket. Somme sa: «Han er eit godt menneske.» Andre sa: «Nei, han fører folket vill.»

13. Men ingen sa høgt kva dei meinte om han, for dei var redde jødane.

14. Då det leid midt ut i høgtida, gjekk Jesus opp på tempelplassen og tok til å undervisa.

15. Jødane undra seg og sa: «Korleis kan han ha slik kunnskap, han som ikkje har fått noka opplæring?»

Les hele kapitlet Johannes 7