Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes 7:21-37 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

21. Jesus svara: «Ei einaste gjerning har eg gjort, og så undrar de dykk, alle saman.

22. Moses har gjeve dykk omskjeringa – ho er eigentleg ikkje frå Moses, men frå fedrane – og de omskjer til og med på ein sabbat.

23. Når no eit menneske kan omskjerast på ein sabbat så ikkje Moselova skal brytast, kvifor er de då vonde på meg fordi eg har gjort heile mennesket friskt på ein sabbat?

24. Døm ikkje etter det de ser, men døm rettferdig!»

25. Då sa nokre av dei som budde i Jerusalem: «Er ikkje dette den mannen som dei vil drepa?

26. Og no står han og talar ope og fritt, og dei seier ikkje eit ord til han. Kan rådsherrane verkeleg ha kome til at han er Messias?

27. Vi veit då kvar denne mannen er ifrå. Men når Messias kjem, skal ingen vita kvar han er ifrå.»

28. Då ropa Jesus ut medan han underviste på tempelplassen: «De kjenner meg og veit kvar eg er ifrå. Men eg er ikkje komen av meg sjølv. Nei, han som har sendt meg, er truverdig, men han kjenner de ikkje.

29. Men eg kjenner han, for eg kjem frå han, og han har sendt meg.»

30. Då ville dei gripa han, men det var ingen som la hand på han, for endå var ikkje timen hans komen.

31. I folket var det mange som tok til å tru på han, og dei sa: «Når Messias kjem, vil han då gjera fleire teikn enn denne mannen har gjort?»

32. Farisearane høyrde alt snakket om han blant folk, og overprestane og farisearane sende ut nokre av mennene sine som skulle gripa han.

33. Då sa Jesus: «Endå ei lita stund er eg hos dykk, så fer eg til han som har sendt meg.

34. De skal leita etter meg, men ikkje finna meg, for der eg er, dit kan de ikkje koma.»

35. Jødane sa no seg imellom: «Kvar vil han fara, sidan vi ikkje skal finna han? Tru om han vil fara til landsmennene våre som bur mellom grekarane, og undervisa grekarar?

36. Kva meiner han med det han sa: ‘De skal søkja meg og ikkje finna meg, og der eg er, dit kan de ikkje koma’?»

37. Siste dagen i høgtida, den store festdagen, stod Jesus fram og ropa: «Den som tørstar, skal koma til meg og drikka.

Les hele kapitlet Johannes 7