Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes 7:1-11 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Sidan drog Jesus omkring i Galilea. Han ville ikkje vera i Judea, for jødane prøvde å drepa han.

2. Så nærma lauvhyttefesten seg, ei av høgtidene til jødane.

3. Då sa brørne hans til han: «Dra herifrå og reis til Judea, så læresveinane dine òg kan få sjå dei gjerningane du gjer.

4. For ingen som vil bli kjend, gjer noko i løynd. Når du gjer slike ting, så stig fram for verda!»

5. For heller ikkje brørne hans trudde på han.

6. Jesus sa til dei: «Mi tid er enno ikkje komen, men for dykk er det alltid rette tida.

7. Verda kan ikkje hata dykk, men meg hatar ho fordi eg vitnar om henne at gjerningane hennar er vonde.

8. Dra de opp til høgtida; eg dreg ikkje, for mi tid er enno ikkje komen.»

9. Dette sa han til dei og vart verande i Galilea.

10. Men då brørne hans hadde drege opp til høgtida, drog han òg dit, ikkje openlyst, men i løynd.

11. Jødane leita etter han under høgtida og spurde: «Kvar er han?»

Les hele kapitlet Johannes 7