Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes 6:8-23 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

8. Ein annan av læresveinane, Andreas, bror til Simon Peter, sa til han:

9. «Det er eit barn her som har fem byggbrød og to fiskar, men kva er det til så mange?»

10. Då sa Jesus: «Lat folket setja seg.» Det var mykje gras der på staden, og dei sette seg. Talet på mennene var omkring fem tusen.

11. Då tok Jesus brøda, bad takkebøn og delte ut til dei medan dei sat der. Like eins delte han ut av fiskane, så mykje dei ville ha.

12. Då dei var mette, sa han til læresveinane: «Samla saman dei stykka som er att, så ingen ting går til spille.»

13. Dei samla saman og fylte tolv korger med stykke som var att av dei fem byggbrøda etter at alle hadde ete.

14. Då folket såg det teiknet Jesus hadde gjort, sa dei: «Dette er sanneleg profeten som skal koma til verda!»

15. Jesus skjøna at dei ville koma og tvinga han med seg for å gjera han til konge. Difor drog han seg unna og gjekk opp i fjellet att, han åleine.

16. Då det vart kveld, kom læresveinane ned til sjøen.

17. Dei gjekk ut i ein båt og ville dra over til Kapernaum. Det hadde alt vorte mørkt, og Jesus var endå ikkje komen til dei.

18. Sjøen gjekk høg, for det bles hardt.

19. Då dei hadde rodd tjuefem eller tretti stadiar, såg dei Jesus koma gåande på vatnet og nærma seg båten, og dei vart redde.

20. Men Jesus sa til dei: «Det er eg. Ver ikkje redde!»

21. Dei ville ta han opp i båten, og straks var båten innmed land der dei skulle leggja til.

22. Dagen etter stod det endå mange menneske att på andre sida av sjøen. Dei hadde sett at det var berre éin båt der, og at Jesus ikkje gjekk i båten saman med læresveinane; dei hadde fare av stad åleine.

23. No kom det nokre båtar frå Tiberias og la til nær den staden der Herren hadde bede takkebøn og dei hadde ete brødet.

Les hele kapitlet Johannes 6