Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes 6:59-71 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

59. Dette sa han medan han underviste folket i synagogen i Kapernaum.

60. Mange av læresveinane hans sa då dei høyrde det: «Dette er harde ord! Kven kan høyra på slikt?»

61. Jesus visste med seg at læresveinane hans murra på grunn av dette, og han sa til dei: «Gjer dette at de fell ifrå?

62. Kva så når de får sjå Menneskesonen stiga opp dit han var før?

63. Det er Anden som gjer levande; kjøt og blod kan ingen ting gjera. Dei orda eg har tala til dykk, er ånd og liv.

64. Men det er nokre av dykk som ikkje trur.» For Jesus visste frå første stund kven det var som ikkje trudde, og kven som skulle svika han.

65. Og han la til: «Difor sa eg dykk at ingen kan koma til meg utan at det blir gjeve han av min Far.»

66. Etter dette drog mange av læresveinane hans seg unna og gjekk ikkje omkring med han lenger.

67. Då spurde Jesus dei tolv: «Vil de òg gå bort?»

68. Simon Peter svara: «Herre, kven skulle vi gå til? Du har det evige livs ord,

69. og vi trur og veit at du er Guds Heilage.»

70. Då sa Jesus: «Har eg ikkje valt dykk ut alle tolv? Og ein av dykk er ein djevel!»

71. Han sa dette om Judas, son til Simon Iskariot. For han skulle svika Jesus, og han var ein av dei tolv.

Les hele kapitlet Johannes 6