Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes 6:38-54 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

38. For eg er ikkje komen ned frå himmelen for å gjera det eg sjølv vil, men det han vil, han som sende meg.

39. Og det han vil, han som sende meg, er at eg ikkje skal mista nokon av alle dei han har gjeve meg, men reisa dei opp på den siste dagen.

40. For det vil Far min, at kvar den som ser Sonen og trur på han, skal ha evig liv, og eg skal reisa han opp på den siste dagen.»

41. Jødane murra mot han fordi han sa: «Eg er brødet som er kome ned frå himmelen.»

42. Og dei spurde: «Er ikkje dette Jesus, son til Josef? Vi kjenner då både far hans og mor hans. Korleis kan han då seia at han er komen ned frå himmelen?»

43. Jesus svara: «Hald opp med denne murringa!

44. Ingen kan koma til meg utan at Far som sende meg, dreg han, og eg skal reisa han opp på den siste dagen.

45. Det står skrive hos profetane: Alle skal vera opplærte av Gud. Kvar den som høyrer på Far og lærer av han, kjem til meg.

46. Men ingen har sett min Far. Berre han som er frå Gud, har sett Far.

47. Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Den som trur, har evig liv.

48. Eg er livsens brød.

49. Fedrane dykkar åt manna i øydemarka, men dei døydde.

50. Det brødet som kjem ned frå himmelen, er slik at den som et av det, ikkje døyr.

51. Eg er det levande brødet som er kome ned frå himmelen. Den som et av dette brødet, skal leva til evig tid. Og det brødet eg vil gje, er kroppen min som eg gjev til liv for verda.»

52. No vart det strid mellom jødane, og dei sa: «Korleis kan han gje oss kroppen sin å eta?»

53. Jesus sa til dei: «Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Dersom de ikkje et kroppen til Menneskesonen og drikk blodet hans, har de ikkje livet i dykk.

54. Den som et min kropp og drikk mitt blod, har evig liv, og eg skal reisa han opp på den siste dagen.

Les hele kapitlet Johannes 6