Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes 6:12-19 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

12. Då dei var mette, sa han til læresveinane: «Samla saman dei stykka som er att, så ingen ting går til spille.»

13. Dei samla saman og fylte tolv korger med stykke som var att av dei fem byggbrøda etter at alle hadde ete.

14. Då folket såg det teiknet Jesus hadde gjort, sa dei: «Dette er sanneleg profeten som skal koma til verda!»

15. Jesus skjøna at dei ville koma og tvinga han med seg for å gjera han til konge. Difor drog han seg unna og gjekk opp i fjellet att, han åleine.

16. Då det vart kveld, kom læresveinane ned til sjøen.

17. Dei gjekk ut i ein båt og ville dra over til Kapernaum. Det hadde alt vorte mørkt, og Jesus var endå ikkje komen til dei.

18. Sjøen gjekk høg, for det bles hardt.

19. Då dei hadde rodd tjuefem eller tretti stadiar, såg dei Jesus koma gåande på vatnet og nærma seg båten, og dei vart redde.

Les hele kapitlet Johannes 6