Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes 5:18-29 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

18. Etter dette var jødane endå meir oppsette på å drepa han. Ikkje berre braut han sabbaten, men han kalla òg Gud sin eigen far og gjorde seg sjølv lik Gud.

19. Då tok Jesus til orde og sa til dei: «Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Sonen kan ingen ting gjera av seg sjølv, berre det han ser Far gjera. Det Far gjer, det gjer Sonen like eins.

20. For Far elskar Sonen og viser han alt det han sjølv gjer. Og han skal visa han større gjerningar enn desse, så de skal undra dykk.

21. For slik Far vekkjer opp dei døde og gjer dei levande, slik gjer òg Sonen levande kven han vil.

22. Og Far dømmer ikkje nokon, men han har gjeve heile dommen over til Sonen,

23. så alle skal æra Sonen slik dei ærar Far. Den som ikkje ærar Sonen, ærar heller ikkje Far, han som har sendt han.

24. Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Den som høyrer mitt ord og trur på han som har sendt meg, har evig liv og kjem ikkje for dommen, men har gått over frå døden til livet.

25. Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Det kjem ein time, ja, han er alt komen, då dei døde skal høyra røysta til Guds Son, og dei som høyrer, skal leva.

26. For slik Far har liv i seg sjølv, har han òg gjeve Sonen å ha liv i seg sjølv,

27. og han har gjeve han fullmakt til å halda dom fordi han er Menneskesonen.

28. De må ikkje undra dykk over dette. For det kjem ein time då alle dei som ligg i gravene, skal høyra hans røyst.

29. Og dei skal koma fram; dei som har gjort det gode, skal stå opp til livet, men dei som har gjort det vonde, skal stå opp til dom.

Les hele kapitlet Johannes 5