Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes 5:1-17 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Etter dette kom ei av høgtidene til jødane, og Jesus drog opp til Jerusalem.

2. Ved Saueporten i Jerusalem er det ein dam som dei på hebraisk kallar Betesda. Rundt dammen er det fem bogegangar.

3. Der låg det ei mengd menneske som var sjuke, blinde, lamme og uføre. {{Dei venta på at vatnet skulle koma i rørsle,

4. for ein engel frå Herren steig frå tid til anna ned i dammen og rørte opp vatnet. Den første som då steig nedi etter at vatnet var rørt opp, vart frisk, same kva sjukdom han hadde.}}

5. No var det ein mann der som hadde vore sjuk i trettiåtte år.

6. Jesus såg han liggja der og visste at han hadde vore sjuk lenge, og sa til han: «Vil du bli frisk?»

7. «Herre», svara den sjuke, «eg har ingen som kan ta meg ned i dammen når vatnet blir rørt opp, og når eg er på veg, stig ein annan uti før meg.»

8. Jesus seier til han: «Stå opp, ta båra di og gå!»

9. Og straks vart mannen frisk. Han tok båra si og gjekk.Men det var sabbat den dagen.

10. Difor sa jødane til han som hadde vorte lækt: «Det er sabbat, du har ikkje lov til å bera båra di.»

11. Mannen svara: «Han som gjorde meg frisk, sa til meg: ‘Ta båra di og gå!’»

12. «Kven er det mennesket som sa at du skulle ta båra di og gå?» spurde dei.

13. Men han som hadde vorte frisk, visste ikkje kven det var, for Jesus hadde trekt seg unna; det var så mykje folk der.

14. Seinare fann Jesus mannen på tempelplassen og sa til han: «No har du vorte frisk att. Synd ikkje meir, så ikkje noko verre skal henda deg.»

15. Mannen gjekk då og fortalde jødane at det var Jesus som hadde gjort han frisk.

16. Jødane tok til å forfølgja Jesus fordi han hadde gjort dette på sabbaten.

17. Men han sa til dei: «Far min arbeider til denne dag. Også eg arbeider.»

Les hele kapitlet Johannes 5