Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes 4:47-54 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

47. Då han fekk høyra at Jesus var komen frå Judea til Galilea, gjekk han til Jesus og bad han koma ned og gjera son hans frisk, for det stod om livet.

48. Jesus svara: «Ser de ikkje teikn og under, så trur de ikkje.»

49. Mannen seier til han: «Kom, Herre, før guten min døyr!»

50. Jesus seier til han: «Gå heim, son din lever!» Og mannen trudde det ordet Jesus sa til han, og gjekk.

51. Medan han var på heimvegen, kom tenarane og møtte han, og dei fortalde at guten hans levde.

52. Han spurde dei kva tid det hadde vorte betre med han. Dei sa: «I går i den sjuande timen gav feberen seg.»

53. Då skjøna faren at det hadde hendt i same stund som Jesus sa til han: «Son din lever.» Og dei kom til tru, både han og heile hans hus.

54. Dette andre teiknet gjorde Jesus då han kom frå Judea til Galilea.

Les hele kapitlet Johannes 4