Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes 4:3-14 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

3. Då tok han ut frå Judea og drog til Galilea igjen.

4. Han måtte dra gjennom Samaria,

5. og der kom han til ein by som heiter Sykar. Byen ligg nær det jordstykket som Jakob gav Josef, son sin.

6. Der var Jakobskjelda. Jesus var sliten etter reisa og sette seg ned attmed kjelda. Det var omkring den sjette timen.

7. Då kjem det ei samaritansk kvinne og vil henta vatn. Jesus seier til henne: «Gjev meg noko å drikka.»

8. For læresveinane hans hadde gått inn i byen for å kjøpa mat.

9. «Korleis har det seg», seier kvinna, «at du som er jøde, bed meg, ei samaritansk kvinne, om drikke?» For jødar held seg ikkje saman med samaritanar.

10. Jesus svara: «Om du hadde kjent Guds gåve og visst kven det er som bed deg om drikke, så hadde du bede han, og han hadde gjeve deg levande vatn.»

11. «Herre», sa kvinna, «du har ikkje noko å dra opp vatn med, og brønnen er djup. Så kvar får du det levande vatnet frå?

12. Du er vel ikkje større enn Jakob, stamfaren vår, som gav oss brønnen og sjølv drakk av han, både han, sønene hans og buskapen hans?»

13. Jesus svara: «Den som drikk av dette vatnet, blir tørst att.

14. Men den som drikk av det vatnet eg vil gje, skal aldri meir tørsta. For det vatnet eg vil gje, blir til ei kjelde i han med vatn som bryt fram og gjev evig liv.»

Les hele kapitlet Johannes 4