Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes 4:28-35 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

28. Då lét kvinna vasskrukka stå og gjekk inn i byen og sa til folket:

29. «Kom, så skal de få sjå ein mann som har sagt meg alt det eg har gjort! Kan han vera Messias?»

30. Då gjekk dei ut av byen og kom til han.

31. I mellomtida bad læresveinane han: «Rabbi, kom og et!»

32. Han svara: «Eg har ein mat å eta som de ikkje veit om.»

33. Då sa læresveinane seg imellom: «Kan nokon ha bore mat til han?»

34. Men Jesus sa til dei: «Min mat er å gjera det han vil, han som sende meg, og fullføra hans verk.

35. Seier de ikkje: Enno er det fire månader til grøda skal haustast inn? Men eg seier dykk: Lyft auga og sjå åkrane, korleis dei kvitnar mot hausten!

Les hele kapitlet Johannes 4