Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes 4:19-27 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

19. «Herre, eg ser at du er ein profet», sa kvinna.

20. «Fedrane våre tilbad Gud på dette fjellet, men de seier at Jerusalem er den staden der ein skal tilbe.»

21. Jesus seier til henne: «Tru meg, kvinne, den timen kjem då det verken er på dette fjellet eller i Jerusalem de skal tilbe Far.

22. De tilbed det de ikkje kjenner; vi tilbed det vi kjenner, for frelsa kjem frå jødane.

23. Men den timen kjem, ja, han er alt komen, då dei sanne tilbedarane skal tilbe Far i ånd og sanning. For slike tilbedarar vil Far ha.

24. Gud er ånd, og dei som tilbed han, må tilbe i ånd og sanning.»

25. Kvinna seier til han: «Eg veit at Messias kjem», – Messias er det same som Kristus – «og når han kjem, skal han fortelja oss alt.»

26. Jesus seier til henne: «Det er eg, eg som snakkar med deg.»

27. I det same kom læresveinane hans. Dei undra seg over at han snakka med ei kvinne. Men ingen av dei spurde kva han ville eller kvifor han snakka med henne.

Les hele kapitlet Johannes 4