Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes 3:14-22 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

14. Og slik Moses lyfte opp ormen i øydemarka, slik må Menneskesonen lyftast opp,

15. så kvar den som trur på han, skal ha evig liv.

16. For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.

17. Gud sende ikkje Son sin til verda for at han skulle dømma verda, men for at verda skulle bli frelst ved han.

18. Den som trur på han, blir ikkje dømd. Den som ikkje trur, er alt dømd fordi han ikkje har trudd på namnet til Guds einborne Son.

19. Og dette er dommen: Lyset er kome til verda, og menneska elska mørkret meir enn lyset, for gjerningane deira var vonde.

20. For den som gjer det vonde, hatar lyset og kjem ikkje til lyset, så gjerningane hans ikkje skal koma opp i dagen.

21. Men den som følgjer sanninga, kjem til lyset, så det skal bli klårt at gjerningane hans er gjorde i Gud.»

22. Sidan drog Jesus og læresveinane hans til Judea. Der var han ei tid saman med dei og døypte.

Les hele kapitlet Johannes 3