Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes 20:1-10 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Tidleg om morgonen første dagen i veka, medan det endå er mørkt, kjem Maria Magdalena til grava. Då får ho sjå at steinen er teken bort frå grava.

2. Ho spring av stad og kjem til Simon Peter og den andre læresveinen, han som Jesus hadde kjær, og seier til dei: «Dei har teke Herren ut av grava, og vi veit ikkje kvar dei har lagt han.»

3. Då tok Peter og den andre læresveinen ut og kom til grava.

4. Dei sprang saman, men den andre læresveinen sprang fortare enn Peter og kom først til grava.

5. Han bøygde seg inn og såg linkleda som låg der, men han gjekk ikkje inn i grava.

6. Simon Peter følgde etter, og han gjekk inn. Han såg linkleda som låg der,

7. og duken som Jesus hadde hatt over hovudet. Den låg ikkje saman med linkleda, men samanrulla på ein stad for seg.

8. Då gjekk den andre læresveinen òg inn, han som var komen først fram til grava. Han såg og trudde.

9. For endå hadde dei ikkje skjøna det Skrifta seier, at han måtte stå opp frå dei døde.

10. Så gjekk læresveinane heim.

Les hele kapitlet Johannes 20