Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes 2:2-20 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

2. Også Jesus og læresveinane hans var bedne.

3. Då det var slutt på vinen, sa Jesu mor til han: «Dei har ikkje meir vin.»

4. «Kva vil du meg, kvinne?» svara Jesus. «Min time er enno ikkje komen.»

5. Då sa mor hans til tenarane: «Det han seier dykk, skal de gjera.»

6. No stod det seks vasskar av stein der, slike som blir nytta i reinsingsskikkane til jødane. Kvart av dei tok to eller tre anker.

7. «Fyll kara med vatn», sa Jesus. Og tenarane fylte dei til randa.

8. Så sa han til dei: «Aus no opp og ber det til kjøkemeisteren.» Det gjorde dei.

9. Kjøkemeisteren smaka på vatnet, som hadde vorte til vin. Han visste ikkje kvar vinen kom frå, men tenarane som hadde aust opp vatnet, visste det. Då ropa han på brudgomen

10. og sa: «Alle andre set først fram den gode vinen, og når gjestene er drukne, kjem dei med den som er dårlegare. Du har gøymt den gode vinen til no.»

11. Dette var det første teiknet Jesus gjorde; det var i Kana i Galilea. Han openberra sin herlegdom, og læresveinane hans trudde på han.

12. Sidan drog han ned til Kapernaum saman med mor si, brørne sine og læresveinane sine, og der vart dei verande nokre dagar.

13. Det nærma seg no påskehøgtida til jødane, og Jesus gjekk opp til Jerusalem.

14. På tempelplassen fann han dei som selde oksar, sauer og duer, og pengevekslarane som sat der.

15. Då laga han seg ei svepe av reip og dreiv dei alle ut av heilagdomen, og sauene og oksane med. Myntane til pengevekslarane kasta han utover og velte borda deira,

16. og til dei som selde duer, sa han: «Få dette ut herifrå! Gjer ikkje huset åt Far min til ein marknadsplass!»

17. Læresveinane hans hugsa at det står skrive: Brennande iver for ditt hus vil tæra meg opp!

18. Då tok jødane til orde og spurde han: «Kan du visa oss eit teikn på at du har rett til å gjera dette?»

19. Jesus svara: «Riv ned dette tempelet, og eg skal reisa det opp att på tre dagar.»

20. Då sa jødane: «I førtiseks år har dei bygd på dette tempelet, og du vil reisa det opp att på tre dagar?»

Les hele kapitlet Johannes 2