Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes 19:23-35 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

23. Då soldatane hadde krossfest Jesus, tok dei kleda hans og delte dei på fire, ein del til kvar soldat. Dei tok òg kjortelen, som var utan saumar, voven i eitt stykke ovanfrå og ned.

24. Då sa dei til kvarandre: «Lat oss ikkje riva han sund, men kasta lodd om kven som skal ha han.» Slik skulle {{dette ordet i}} Skrifta oppfyllast: Dei delte kleda mine mellom seg og kasta lodd om kappa.Dette gjorde soldatane.

25. Innmed Jesu kross stod mor hans og syster til mor hans, Maria, som var gift med Klopas, og Maria Magdalena.

26. Då Jesus fekk auge på mor si og såg at den læresveinen han hadde kjær, stod attmed henne, sa han til mor si: «Kvinne, sjå, der er son din.»

27. Så sa han til læresveinen: «Det er mor di.» Frå den stunda tok læresveinen henne heim til seg.

28. Jesus visste no at alt var fullført. Og for at Skrifta skulle oppfyllast, sa han: «Eg er tørst.»

29. Det stod eit kar med vineddik der. Av den vinen fylte dei ein svamp som dei sette på ein isopstilk og heldt opp til munnen hans.

30. Då Jesus hadde fått vineddiken, sa han: «Det er fullført!» Så bøygde han hovudet og anda ut.

31. Det var helgaftan, og kroppane måtte ikkje bli hangande på krossen over sabbaten, for denne sabbaten var ein stor høgtidsdag. Difor bad jødane Pilatus at beina deira måtte knusast og kroppane takast ned.

32. Soldatane kom då og knuste beina, først på den eine og så på den andre som hadde vorte krossfeste saman med Jesus.

33. Då dei kom til Jesus, såg dei at han alt var død, og dei knuste ikkje hans bein.

34. Men ein av soldatane stakk han i sida med eit spyd, og straks rann det ut blod og vatn.

35. Og han som såg det, har vitna om dette, og vitneutsegna hans er sann. Han veit at det han seier, er sant, så de òg skal tru.

Les hele kapitlet Johannes 19