Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes 18:28-40 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

28. Frå Kaifas førte dei Jesus til borga der landshovdingen heldt til. Det var tidleg om morgonen. Sjølve gjekk dei ikkje inn i borga; dei ville ikkje gjera seg ureine, for då kunne dei ikkje eta påskemåltidet.

29. Pilatus gjekk då ut til dei og sa: «Kva skuldingar har de mot dette mennesket?»

30. Dei svara: «Var han ikkje ein forbrytar, hadde vi ikkje gjeve han over til deg.»

31. «Ta han de», sa Pilatus, «og døm han etter dykkar eiga lov!» Men jødane svara: «Vi har ikkje rett til å ta livet av nokon.»

32. Slik skulle det oppfyllast, det ordet Jesus hadde sagt då han lét dei få vita kva slag død han skulle lida.

33. Pilatus gjekk då på nytt inn i borga. Han kalla Jesus til seg og sa: «Er du kongen over jødane?»

34. Jesus svara: «Seier du dette av deg sjølv, eller har andre sagt dette om meg?»

35. «Er vel eg jøde?» sa Pilatus. «Ditt eige folk og overprestane har gjeve deg over til meg. Kva har du gjort?»

36. Då sa Jesus: «Mi kongsmakt er ikkje av denne verda. Var mi kongsmakt av denne verda, hadde mennene mine stridd for meg, så eg ikkje skulle bli overgjeven i hendene på jødane. Men mi kongsmakt er ikkje av denne verda.»

37. «Du er altså konge?» sa Pilatus. «Du seier at eg er konge», svara Jesus. «Til dette er eg fødd, og til dette er eg komen til verda, at eg skal vitna om sanninga. Kvar den som er av sanninga, høyrer mi røyst.»

38. «Kva er sanning?» sa Pilatus. Dermed gjekk han ut til jødane att og sa til dei: «Eg finn inga skuld hos denne mannen.

39. Men de er vane med at eg gjev dykk ein mann fri til påske. Vil de at eg skal gje dykk kongen over jødane fri?»

40. Då ropa dei endå ein gong: «Ikkje han, men Barabbas!» Men Barabbas var ein røvar.

Les hele kapitlet Johannes 18