Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes 18:20-29 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

20. «Eg har tala ope for heile verda», svara Jesus. «Eg har alltid undervist i synagogar og i tempelet, der alle jødar kjem saman; eg har aldri tala i løynd.

21. Men kvifor spør du meg? Spør heller dei som har høyrt meg, kva eg har tala til dei om. Dei veit kva eg har sagt.»

22. Ein av vaktmennene som stod der, slo då Jesus i andletet og sa: «Er det slik du svarar øvstepresten?»

23. Jesus sa til han: «Sa eg noko urett, så vis at det var urett! Men var det rett, kvifor slår du meg då?»

24. Så sende Annas han bunden til øvstepresten Kaifas.

25. Imedan stod Simon Peter og vermde seg. Då sa dei til han: «Er ikkje du òg ein av læresveinane hans?» Men han nekta og sa: «Nei, det er eg ikkje.»

26. Ein av tenarane til øvstepresten, ein slektning av han som Peter hadde hogge øyret av, seier: «Såg eg deg ikkje i hagen saman med han?»

27. Men Peter nekta på nytt. Og med det same gol hanen.

28. Frå Kaifas førte dei Jesus til borga der landshovdingen heldt til. Det var tidleg om morgonen. Sjølve gjekk dei ikkje inn i borga; dei ville ikkje gjera seg ureine, for då kunne dei ikkje eta påskemåltidet.

29. Pilatus gjekk då ut til dei og sa: «Kva skuldingar har de mot dette mennesket?»

Les hele kapitlet Johannes 18