Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes 18:2-15 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

2. Men Judas, svikaren, kjende òg den staden, for Jesus og læresveinane hadde ofte kome saman der.

3. Judas hadde fått med seg vaktstyrken og nokre menn frå overprestane og farisearane, og no kom dei dit med faklar og lamper og våpen.

4. Jesus visste om alt det som venta han, og gjekk fram og spurde dei: «Kven leitar de etter?»

5. «Jesus frå Nasaret», svara dei. «Det er eg», seier Jesus. Judas, svikaren, var saman med dei, han òg.

6. Då Jesus sa: «Det er eg», tumla dei bakover og fall til jorda.

7. På nytt spurde han: «Kven leitar de etter?» «Jesus frå Nasaret», svara dei.

8. «Eg har sagt dykk at det er eg», sa Jesus. «Er det meg de leitar etter, så lat desse andre gå!»

9. Slik skulle det oppfyllast, det ordet han hadde sagt: «Av dei du gav meg, har eg ikkje mista ein einaste.»

10. Simon Peter hadde eit sverd, og det drog han og hogg etter tenaren til øvstepresten og sneidde av han høgre øyret. Tenaren heitte Malkos.

11. Men Jesus sa til Peter: «Stikk sverdet i slira! Lyt eg ikkje drikka det begeret som Far har gjeve meg?»

12. Vaktstyrken, kommandanten og vaktmennene til jødane greip no Jesus og batt han.

13. Først førte dei han til Annas, for han var svigerfar til Kaifas, som var øvsteprest det året.

14. Det var Kaifas som hadde gjeve jødane det rådet at det var best om eitt menneske døydde for folket.

15. Simon Peter og ein annan læresvein følgde etter Jesus. Denne læresveinen var kjend med øvstepresten, og han kom inn på gardsplassen til øvstepresten saman med Jesus.

Les hele kapitlet Johannes 18