Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes 18:16-28 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

16. Men Peter vart ståande utanfor ved porten. Den læresveinen som var kjend med øvstepresten, gjekk då ut og tala med tenestejenta som vakta porten, og fekk Peter med seg inn.

17. I det same seier ho til Peter: «Er ikkje du òg ein av læresveinane til denne mannen?» «Nei», svara han, «det er eg ikkje.»

18. Det var kaldt, så tenarane og vaktmennene hadde tent eit bål og stod og vermde seg ved glørne. Peter vart òg ståande der saman med dei og vermde seg.

19. Øvstepresten spurde no Jesus ut om læresveinane hans og om læra hans.

20. «Eg har tala ope for heile verda», svara Jesus. «Eg har alltid undervist i synagogar og i tempelet, der alle jødar kjem saman; eg har aldri tala i løynd.

21. Men kvifor spør du meg? Spør heller dei som har høyrt meg, kva eg har tala til dei om. Dei veit kva eg har sagt.»

22. Ein av vaktmennene som stod der, slo då Jesus i andletet og sa: «Er det slik du svarar øvstepresten?»

23. Jesus sa til han: «Sa eg noko urett, så vis at det var urett! Men var det rett, kvifor slår du meg då?»

24. Så sende Annas han bunden til øvstepresten Kaifas.

25. Imedan stod Simon Peter og vermde seg. Då sa dei til han: «Er ikkje du òg ein av læresveinane hans?» Men han nekta og sa: «Nei, det er eg ikkje.»

26. Ein av tenarane til øvstepresten, ein slektning av han som Peter hadde hogge øyret av, seier: «Såg eg deg ikkje i hagen saman med han?»

27. Men Peter nekta på nytt. Og med det same gol hanen.

28. Frå Kaifas førte dei Jesus til borga der landshovdingen heldt til. Det var tidleg om morgonen. Sjølve gjekk dei ikkje inn i borga; dei ville ikkje gjera seg ureine, for då kunne dei ikkje eta påskemåltidet.

Les hele kapitlet Johannes 18