Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes 16:17-26 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

17. Då sa nokre av læresveinane hans seg imellom: «Kva meiner han med det han seier til oss: ‘Om ei lita stund ser de meg ikkje, og om endå ei lita stund skal de få sjå meg’ og: ‘Eg går til Far’?

18. Kva tyder dette: ‘om ei lita stund’? Vi skjønar ikkje kva han snakkar om.»

19. Jesus visste at dei ville spørja han, og han sa: «Snakkar de om det eg sa: ‘Om ei lita stund ser de meg ikkje, og om endå ei lita stund skal de få sjå meg’?

20. Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: De skal gråta og klaga, men verda skal gleda seg. De skal sørgja, men sorga skal vendast til glede.

21. Når ei kvinne skal føda, er ho uroleg, for tida hennar er komen. Men når ho har fått barnet, hugsar ho ikkje lenger kor vondt ho hadde, så glad er ho fordi eit menneske er fødd til verda.

22. På same måten er det med dykk. No er de fylte av sorg, men eg skal sjå dykk att, og hjartet dykkar skal gleda seg, og den gleda skal ingen ta ifrå dykk.

23. Den dagen skal de ikkje spørja meg om noko. Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Bed de Far om noko, skal han gje dykk det i mitt namn.

24. Til no har de ikkje bede om noko i mitt namn. Be, så skal de få, slik at gleda dykkar kan vera fullkomen.

25. Dette har eg sagt dykk i likningar. Det kjem ei tid då eg ikkje lenger skal tala til dykk i likningar, men ope og rett fram fortelja dykk om Far.

26. Den dagen skal de be i mitt namn; eg seier ikkje at eg skal spørja Far for dykk då.

Les hele kapitlet Johannes 16