Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes 15:19-27 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

19. Hadde de vore av verda, då hadde verda elska sitt eige. Men de er ikkje av verda; eg har valt dykk ut av verda. Difor hatar verda dykk.

20. Kom i hug det ordet eg sa dykk: Ein tenar er ikkje større enn herren sin. Har dei forfølgt meg, vil dei forfølgja dykk òg. Har dei halde fast på mitt ord, vil dei òg halda fast på dykkar ord.

21. Men alt dette kjem dei til å gjera mot dykk for mitt namn skuld, fordi dei ikkje kjenner han som har sendt meg.

22. Var eg ikkje komen, og hadde eg ikkje tala til dei, då hadde dei vore utan synd. Men no har dei ingen ting å orsaka synda si med.

23. Den som hatar meg, hatar òg Far min.

24. Hadde eg ikkje gjort slike gjerningar mellom dei som ingen annan har gjort, hadde dei vore utan skuld. Men no har dei sett gjerningane og hatar både meg og Far min.

25. Men det ordet som står i lova deira, skulle oppfyllast: Dei hata meg utan grunn.

26. Når Talsmannen kjem, han som eg skal senda dykk frå Far, Sanningsanden som går ut frå Far, då skal han vitna om meg.

27. Men de skal òg vitna, for de har vore med meg frå første stund.

Les hele kapitlet Johannes 15