Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes 14:17-30 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

17. Sanningsanden, som verda ikkje kan ta imot. For verda ser han ikkje og kjenner han ikkje. Men de kjenner han, for han bur hos dykk og skal vera i dykk.

18. Eg vil ikkje la dykk vera att som foreldrelause born. Eg kjem til dykk.

19. Om ei lita stund ser ikkje verda meg lenger. Men de ser meg, for eg lever, og de skal leva.

20. Den dagen skal de skjøna at eg er i Far min, og at de er i meg og eg i dykk.

21. Den som har boda mine, og som held dei, den er det som elskar meg. Og den som elskar meg, skal Far min elska. Ja, den som elskar meg, skal eg òg elska og openberra meg for.»

22. Judas – ikkje Judas Iskariot – seier til han: «Herre, korleis har det seg at du vil openberra deg for oss og ikkje for verda?»

23. Jesus svara: «Den som elskar meg, held fast på ordet mitt. Og den som elskar meg, skal Far min elska, og vi skal koma og ta bustad hos han.

24. Den som ikkje elskar meg, held ikkje fast på orda mine. Og ordet de høyrer, er ikkje frå meg, men frå Far, han som har sendt meg.

25. Dette har eg sagt dykk medan eg enno er hos dykk.

26. Men Talsmannen, Den heilage ande, som Far skal senda i mitt namn, han skal læra dykk alt og minna dykk på alt det eg har sagt dykk.

27. Fred etterlèt eg dykk, min fred gjev eg dykk. Eg gjev dykk ikkje fred på same måten som verda gjer det. Lat ikkje hjartet dykkar uroast, og ver ikkje motlause!

28. De høyrde at eg sa: Eg går bort, og eg kjem til dykk att. Elska de meg, så gledde de dykk over at eg går til Far, for Far er større enn eg.

29. No har eg sagt dykk dette før det hender, så de skal tru når det hender.

30. Heretter kjem eg ikkje til å tala mykje med dykk, for han som herskar over denne verda, kjem. Han har inga makt over meg.

Les hele kapitlet Johannes 14