Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes 14:12-21 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

12. Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Den som trur på meg, skal gjera dei gjerningane som eg gjer, ja, større gjerningar enn dei, for eg går til Far.

13. Og det de bed om i mitt namn, vil eg gjera, så Faderen skal bli herleggjord gjennom Sonen.

14. Bed de meg om noko i mitt namn, så skal eg gjera det.

15. Elskar de meg, så held de boda mine.

16. Då vil eg be Far min, og han skal gje dykk ein annan talsmann, og han skal vera hos dykk alltid:

17. Sanningsanden, som verda ikkje kan ta imot. For verda ser han ikkje og kjenner han ikkje. Men de kjenner han, for han bur hos dykk og skal vera i dykk.

18. Eg vil ikkje la dykk vera att som foreldrelause born. Eg kjem til dykk.

19. Om ei lita stund ser ikkje verda meg lenger. Men de ser meg, for eg lever, og de skal leva.

20. Den dagen skal de skjøna at eg er i Far min, og at de er i meg og eg i dykk.

21. Den som har boda mine, og som held dei, den er det som elskar meg. Og den som elskar meg, skal Far min elska. Ja, den som elskar meg, skal eg òg elska og openberra meg for.»

Les hele kapitlet Johannes 14