Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes 14:1-13 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Lat ikkje hjartet dykkar uroast! Tru på Gud og tru på meg!

2. I huset til Far min er det mange rom. Var det ikkje slik, hadde eg då sagt dykk at eg går og vil gjera klar ein stad til dykk?

3. Og når eg har gått og gjort klar ein stad til dykk, kjem eg att og tek dykk til meg, så de skal vera der eg er.

4. Og dit eg går, veit de vegen.»

5. Tomas seier til han: «Herre, vi veit ikkje kvar du går; korleis kan vi då vita vegen?»

6. Jesus seier: «Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Far utan gjennom meg.

7. Har de kjent meg, skal de òg kjenna Far min. Frå no av kjenner de han og har sett han.»

8. Filip seier til han: «Herre, syn oss Far, det er nok for oss.»

9. Jesus svarar: «No har eg vore så lang ei tid saman med dykk, og du kjenner meg ikkje, Filip? Den som har sett meg, har sett Far. Korleis kan du då seia: ‘Syn oss Far’?

10. Trur du ikkje at eg er i Far og Far i meg? Dei ord eg talar til dykk, har eg ikkje frå meg sjølv; det er Far som er i meg og gjer sine gjerningar.

11. Tru meg: Eg er i Far og Far i meg. Om ikkje for anna, så tru det for gjerningane skuld.

12. Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Den som trur på meg, skal gjera dei gjerningane som eg gjer, ja, større gjerningar enn dei, for eg går til Far.

13. Og det de bed om i mitt namn, vil eg gjera, så Faderen skal bli herleggjord gjennom Sonen.

Les hele kapitlet Johannes 14