Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes 13:9-29 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

9. Simon Peter seier til han: «Herre, ikkje berre føtene, men hendene og hovudet òg!»

10. Men Jesus seier til han: «Den som er bada, er heilt rein og treng ikkje vaska anna enn føtene. Og de er reine – men ikkje alle.»

11. For han visste kven som skulle svika han. Difor sa han: «De er ikkje alle reine.»

12. Då han hadde vaska føtene deira og teke på seg kappa, tok han plass ved bordet att. Så sa han til dei: «Skjønar de kva det er eg har gjort for dykk?

13. De kallar meg meister og herre, og det med rette, for det er eg.

14. Når no eg, herren og meisteren, har vaska føtene dykkar, då skyldar de òg å vaska føtene til kvarandre.

15. Det er eit føredøme eg har gjeve dykk: Som eg har gjort mot dykk, skal de òg gjera.

16. Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Ein tenar er ikkje større enn herren sin, og ein utsending er ikkje større enn den som har sendt han.

17. No veit de dette. Og sæle er de så sant de gjer etter det.

18. Eg talar ikkje om dykk alle, for eg veit kven eg har valt ut. Men dette ordet i Skrifta må oppfyllast: Den som et mitt brød, lyfte hælen mot meg.

19. Eg seier det til dykk no, før det hender, slik at de, når det hender, skal tru at Eg er.

20. Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Den som tek imot ein eg sender, tek imot meg. Og den som tek imot meg, tek imot han som har sendt meg.»

21. Då Jesus hadde sagt dette, vart han opprørt i sitt indre og sa rett ut: «Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Ein av dykk kjem til å svika meg.»

22. Læresveinane såg på kvarandre; dei skjøna ikkje kven han meinte.

23. Ein av dei, den læresveinen som Jesus hadde kjær, låg ved sida av Jesus ved bordet.

24. Simon Peter nikka til han for at han skulle spørja kven han meinte.

25. Han bøygde seg då nærare inntil Jesus og sa: «Herre, kven er det?»

26. Jesus svara: «Det er han som eg gjev den biten eg no dyppar.» Så dyppa han ein bit i fatet og gav han til Judas, son til Simon Iskariot.

27. Då Judas hadde fått biten, fór Satan i han. Jesus seier til han: «Gjer det snart, det du vil gjera.»

28. Men ingen av dei andre ved bordet skjøna kva han meinte med dette.

29. Sidan Judas hadde ansvar for pengekassa, tenkte somme at Jesus ville han skulle gå og kjøpa det dei trong til høgtida, eller at han skulle gje noko til dei fattige.

Les hele kapitlet Johannes 13