Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes 13:5-20 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

5. Så slår han vatn i eit fat og tek til å vaska føtene til læresveinane og tørka dei med handkledet som han har om livet.

6. Han kjem til Simon Peter, og Peter seier til han: «Herre, vaskar du mine føter?»

7. Jesus svara: «Det eg gjer, forstår du ikkje no, men du skal skjøna det sidan.»

8. «Aldri i æva om du skal vaska føtene mine», seier Peter. «Dersom eg ikkje vaskar deg, har du ingen del i meg», svara Jesus.

9. Simon Peter seier til han: «Herre, ikkje berre føtene, men hendene og hovudet òg!»

10. Men Jesus seier til han: «Den som er bada, er heilt rein og treng ikkje vaska anna enn føtene. Og de er reine – men ikkje alle.»

11. For han visste kven som skulle svika han. Difor sa han: «De er ikkje alle reine.»

12. Då han hadde vaska føtene deira og teke på seg kappa, tok han plass ved bordet att. Så sa han til dei: «Skjønar de kva det er eg har gjort for dykk?

13. De kallar meg meister og herre, og det med rette, for det er eg.

14. Når no eg, herren og meisteren, har vaska føtene dykkar, då skyldar de òg å vaska føtene til kvarandre.

15. Det er eit føredøme eg har gjeve dykk: Som eg har gjort mot dykk, skal de òg gjera.

16. Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Ein tenar er ikkje større enn herren sin, og ein utsending er ikkje større enn den som har sendt han.

17. No veit de dette. Og sæle er de så sant de gjer etter det.

18. Eg talar ikkje om dykk alle, for eg veit kven eg har valt ut. Men dette ordet i Skrifta må oppfyllast: Den som et mitt brød, lyfte hælen mot meg.

19. Eg seier det til dykk no, før det hender, slik at de, når det hender, skal tru at Eg er.

20. Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Den som tek imot ein eg sender, tek imot meg. Og den som tek imot meg, tek imot han som har sendt meg.»

Les hele kapitlet Johannes 13