Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes 13:32-36 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

32. Og har Gud vorte herleggjord gjennom han, så skal Gud sjølv herleggjera han. Ja, snart skal Guds herlegdom lysa om han!

33. Endå ei lita stund er eg hos dykk, borna mine. De kjem til å leita etter meg, men det eg sa til jødane, seier eg no til dykk òg: Dit eg går, kan ikkje de koma.

34. Eit nytt bod gjev eg dykk: De skal elska kvarandre. Som eg har elska dykk, skal de elska kvarandre.

35. På det skal alle skjøna at de er mine læresveinar: at de har kjærleik til kvarandre.»

36. Simon Peter seier til han: «Herre, kvar går du?» Jesus svara: «Dit eg går, kan du ikkje følgja meg no, men du skal følgja meg seinare.»

Les hele kapitlet Johannes 13