Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes 13:1-13 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Det var like før påskehøgtida, og Jesus visste at timen hans var komen då han skulle fara bort frå denne verda og til Far sin. Han hadde elska sine eigne som var i verda, og han elska dei heilt til det siste.

2. Då dei heldt måltid, hadde djevelen alt gjeve Judas, son til Simon Iskariot, den tanken i hjartet at han skulle svika han.

3. Jesus visste at Far hadde gjeve alt i hans hender, og at han hadde gått ut frå Gud og gjekk til Gud.

4. Då reiser han seg frå måltidet, legg av seg kappa og tek eit linklede og bind om seg.

5. Så slår han vatn i eit fat og tek til å vaska føtene til læresveinane og tørka dei med handkledet som han har om livet.

6. Han kjem til Simon Peter, og Peter seier til han: «Herre, vaskar du mine føter?»

7. Jesus svara: «Det eg gjer, forstår du ikkje no, men du skal skjøna det sidan.»

8. «Aldri i æva om du skal vaska føtene mine», seier Peter. «Dersom eg ikkje vaskar deg, har du ingen del i meg», svara Jesus.

9. Simon Peter seier til han: «Herre, ikkje berre føtene, men hendene og hovudet òg!»

10. Men Jesus seier til han: «Den som er bada, er heilt rein og treng ikkje vaska anna enn føtene. Og de er reine – men ikkje alle.»

11. For han visste kven som skulle svika han. Difor sa han: «De er ikkje alle reine.»

12. Då han hadde vaska føtene deira og teke på seg kappa, tok han plass ved bordet att. Så sa han til dei: «Skjønar de kva det er eg har gjort for dykk?

13. De kallar meg meister og herre, og det med rette, for det er eg.

Les hele kapitlet Johannes 13