Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes 12:21-38 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

21. Dei kom til Filip, som var frå Betsaida i Galilea, og sa: «Herre, vi ville gjerne få sjå Jesus.»

22. Filip kom og fortalde det til Andreas, og Andreas og Filip gjekk og sa det til Jesus.

23. Jesus svara: «Timen er komen då Guds herlegdom skal lysa om Menneskesonen.

24. Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Fell ikkje kveitekornet i jorda og døyr, blir det verande berre eitt korn. Men døyr det, gjev det stor grøde.

25. Den som elskar livet sitt, mistar det. Men den som hatar livet sitt i denne verda, skal berga det og få evig liv.

26. Den som vil tena meg, må følgja meg, og der eg er, der skal tenaren min òg vera. Den som tener meg, skal Far min æra.

27. No er sjela mi fylt av angst. Men skal eg så seia: Far, frels meg frå denne timen? Nei, til denne timen skulle eg koma.

28. Far, lat herlegdom lysa om namnet ditt!» Då kom det ei røyst frå himmelen: «Eg har late min herlegdom lysa om det og skal la han lysa på nytt.»

29. Folket som stod der, høyrde det og sa at det hadde torna. Andre sa: «Det var ein engel som tala til han.»

30. Då sa Jesus til dei: «Det var ikkje for mi skuld denne røysta lydde, men for dykkar skuld.

31. No fell det dom over denne verda, no skal han som herskar i denne verda, kastast ut.

32. Og når eg blir lyft opp frå jorda, skal eg dra alle til meg.»

33. Dette sa han for å visa kva slag død han skulle lida.

34. Då sa folket: «Vi har høyrt i lova at Messias skal leva til evig tid. Korleis kan du då seia at Menneskesonen må lyftast opp? Kven er denne Menneskesonen?»

35. Jesus svara: «Endå ei lita stund er lyset mellom dykk. Gå så lenge de har lyset, så ikkje mørkret skal falla på dykk. Den som går i mørkret, veit ikkje kvar han kjem av.

36. Tru på lyset så lenge de har lyset, så de kan bli born av lyset.» Då Jesus hadde sagt dette, gjekk han bort og løynde seg for dei.

37. Endå han hadde gjort så mange teikn for auga deira, trudde dei ikkje på han.

38. For det skulle bli oppfylt, det ordet som profeten Jesaja har tala: Herre, kven trudde bodskapen vår, kven vart Herrens arm openberra for?

Les hele kapitlet Johannes 12