Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes 12:2-14 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

2. Der heldt dei eit festmåltid for han. Marta var tenar, og Lasarus var ein av dei som låg til bords med han.

3. Då tok Maria eit pund ekte, dyr nardussalve og salva Jesu føter og tørka dei med håret sitt. Heile huset vart fylt av angen.

4. Då sa Judas Iskariot, ein av læresveinane, han som sidan sveik Jesus:

5. «Kvifor vart ikkje denne salven seld for tre hundre denarar og pengane gjevne til dei fattige?»

6. Dette sa han ikkje fordi han hadde omsorg for dei fattige, men fordi han var ein tjuv. Det var han som hadde ansvaret for pengekassa, og han tok av det som vart lagt der.

7. Men Jesus sa: «Lat henne vera! Ho har gøymt salven til gravferdsdagen min.

8. Dei fattige har de alltid hos dykk, men meg har de ikkje alltid.»

9. Den store mengda av jødar som var samla, fekk no vita at Jesus var i Betania. Og dei kom dit, ikkje berre for Jesu skuld, men òg for å sjå Lasarus, som han hadde vekt opp frå dei døde.

10. Då la overprestane planar om å drepa Lasarus òg,

11. for mange av jødane drog dit for hans skuld og kom til tru på Jesus.

12. Dagen etter fekk den store folkemengda som var komen til høgtida, høyra at Jesus var på veg inn i Jerusalem.

13. Då tok dei palmegreiner og gjekk ut for å møta han, og dei ropa: Hosianna! Velsigna er han som kjem i Herrens namn, Israels konge!

14. Jesus fann seg eit ungt esel og sette seg på det, som det står skrive:

Les hele kapitlet Johannes 12