Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes 12:18-31 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

18. Difor var det òg at folket drog ut for å møta han, for dei hadde fått høyra at han hadde gjort dette teiknet.

19. Men farisearane sa seg imellom: «Der ser de, det nyttar ikkje. Heile verda spring etter han.»

20. No var det nokre grekarar mellom dei som var komne til Jerusalem for å tilbe under høgtida.

21. Dei kom til Filip, som var frå Betsaida i Galilea, og sa: «Herre, vi ville gjerne få sjå Jesus.»

22. Filip kom og fortalde det til Andreas, og Andreas og Filip gjekk og sa det til Jesus.

23. Jesus svara: «Timen er komen då Guds herlegdom skal lysa om Menneskesonen.

24. Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Fell ikkje kveitekornet i jorda og døyr, blir det verande berre eitt korn. Men døyr det, gjev det stor grøde.

25. Den som elskar livet sitt, mistar det. Men den som hatar livet sitt i denne verda, skal berga det og få evig liv.

26. Den som vil tena meg, må følgja meg, og der eg er, der skal tenaren min òg vera. Den som tener meg, skal Far min æra.

27. No er sjela mi fylt av angst. Men skal eg så seia: Far, frels meg frå denne timen? Nei, til denne timen skulle eg koma.

28. Far, lat herlegdom lysa om namnet ditt!» Då kom det ei røyst frå himmelen: «Eg har late min herlegdom lysa om det og skal la han lysa på nytt.»

29. Folket som stod der, høyrde det og sa at det hadde torna. Andre sa: «Det var ein engel som tala til han.»

30. Då sa Jesus til dei: «Det var ikkje for mi skuld denne røysta lydde, men for dykkar skuld.

31. No fell det dom over denne verda, no skal han som herskar i denne verda, kastast ut.

Les hele kapitlet Johannes 12