Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes 11:4-17 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

4. Då Jesus høyrde det, sa han: «Denne sjukdomen fører ikkje til døden. Nei, han er til Guds ære; han skal herleggjera Guds Son.»

5. Jesus var svært glad i Marta og syster hennar og Lasarus.

6. Då han no høyrde at Lasarus låg sjuk, vart han verande endå to dagar der han var.

7. Då først sa han til læresveinane: «Kom, lat oss dra tilbake til Judea.»

8. «Rabbi», sa dei, «no nettopp ville jødane steina deg, og så dreg du dit på nytt?»

9. Jesus svara: «Har ikkje dagen tolv timar? Den som går om dagen, snublar ikkje, for han ser lyset i denne verda.

10. Men den som går omkring om natta, snublar, fordi han ikkje har lyset i seg.»

11. Då Jesus hadde sagt dette, sa han til dei: «Lasarus, venen vår, er sovna, men eg går og vekkjer han.»

12. «Herre», sa læresveinane, «er han sovna, så blir han nok frisk att.»

13. Jesus hadde tala om at han var død, men dei trudde han tala om vanleg søvn.

14. Då sa Jesus rett ut: «Lasarus er død.

15. Og for dykkar skuld er eg glad at eg ikkje var der, slik at de kan koma til å tru. Men kom, lat oss gå til han.»

16. Tomas, han som vart kalla Tvillingen, sa då til dei andre læresveinane: «Vi går med, vi òg, så vi kan døy saman med han.»

17. Då Jesus kom fram, fekk han vita at Lasarus alt hadde lege fire dagar i grava.

Les hele kapitlet Johannes 11