Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes 11:39-56 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

39. «Ta bort steinen!» seier Jesus. «Herre», seier Marta, syster til den døde, «det luktar alt av han, for han har lege fire dagar i grava.»

40. Jesus seier til henne: «Sa eg deg ikkje at dersom du trur, skal du få sjå Guds herlegdom?»

41. Så tok dei steinen ifrå. Og Jesus såg opp mot himmelen og sa: «Far, eg takkar deg fordi du har høyrt meg.

42. Eg visste at du alltid høyrer meg. Men eg seier dette på grunn av folket som står omkring, så dei skal tru at det er du som har sendt meg.»

43. Då han hadde sagt det, ropa han høgt: «Lasarus, kom ut!»

44. Og den døde kom ut med hendene og føtene sveipte i likklede og med ein duk bunden over andletet. Jesus sa til dei: «Løys han og lat han gå!»

45. Mange av dei jødane som var komne til Maria og hadde sett det Jesus gjorde, kom til tru på han.

46. Men nokre gjekk til farisearane og fortalde kva han hadde gjort.

47. Då kalla overprestane og farisearane saman Rådet og sa: «Kva skal vi gjera? Denne mannen gjer mange teikn.

48. Lèt vi han halda fram slik, kjem snart alle til å tru på han, og romarane kjem og tek både den heilage staden og folket vårt.»

49. Ein av dei, Kaifas, som var øvsteprest det året, sa då: «De skjønar ingen ting.

50. De tenkjer ikkje på at det er betre for dykk at eitt menneske døyr for folket, enn at heile folket går til grunne.»

51. Det sa han ikkje av seg sjølv. Men fordi han var øvsteprest det året, tala han profetisk om at Jesus skulle døy for folket.

52. Ja, han skulle ikkje berre døy for folket, han skulle òg samla til eitt dei Guds born som er spreidde rundt omkring.

53. Frå den dagen la dei planar om å drepa han.

54. Difor gjekk ikkje Jesus ope omkring mellom jødane lenger, men tok ut derifrå og drog til området ved øydemarka, til ein by som heiter Efraim. Der var han ei tid saman med læresveinane sine.

55. Påskehøgtida til jødane nærma seg, og før høgtida drog mange frå landet opp til Jerusalem og skulle reinsa seg.

56. Dei leita etter Jesus, og medan dei stod på tempelplassen, sa dei til kvarandre: «Kva trur de? Kjem han ikkje til høgtida?»

Les hele kapitlet Johannes 11