Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes 11:38-46 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

38. Jesus vart igjen opprørt og gjekk bort til grava. Det var ei hòle, og det låg ein stein framfor opninga.

39. «Ta bort steinen!» seier Jesus. «Herre», seier Marta, syster til den døde, «det luktar alt av han, for han har lege fire dagar i grava.»

40. Jesus seier til henne: «Sa eg deg ikkje at dersom du trur, skal du få sjå Guds herlegdom?»

41. Så tok dei steinen ifrå. Og Jesus såg opp mot himmelen og sa: «Far, eg takkar deg fordi du har høyrt meg.

42. Eg visste at du alltid høyrer meg. Men eg seier dette på grunn av folket som står omkring, så dei skal tru at det er du som har sendt meg.»

43. Då han hadde sagt det, ropa han høgt: «Lasarus, kom ut!»

44. Og den døde kom ut med hendene og føtene sveipte i likklede og med ein duk bunden over andletet. Jesus sa til dei: «Løys han og lat han gå!»

45. Mange av dei jødane som var komne til Maria og hadde sett det Jesus gjorde, kom til tru på han.

46. Men nokre gjekk til farisearane og fortalde kva han hadde gjort.

Les hele kapitlet Johannes 11