Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes 11:27-40 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

27. «Ja, Herre», seier ho, «eg trur at du er Messias, Guds Son, han som skal koma til verda.»

28. Då ho hadde sagt dette, gjekk ho og kalla i løynd på Maria, syster si, og sa til henne: «Meisteren er her og spør etter deg.»

29. Då Maria høyrde det, reiste ho seg straks og gjekk ut til han.

30. Jesus var endå ikkje komen inn i landsbyen; han var framleis der Marta hadde møtt han.

31. Dei jødane som var heime hos Maria og trøysta henne, såg at ho brått reiste seg og gjekk ut, og dei følgde etter; dei tenkte at ho gjekk ut til grava og ville gråta der.

32. Som no Maria kom dit Jesus var, og fekk sjå han, kasta ho seg ned for føtene hans og sa: «Herre, hadde du vore her, hadde ikkje bror min døydd.»

33. Då Jesus såg at dei gret, både ho og alle jødane som følgde henne, vart han oppskaka og opprørt i sitt indre,

34. og han sa: «Kvar har de lagt han?» «Kom og sjå, Herre», svara dei.

35. Jesus gret.

36. Då sa jødane: «Sjå kor glad han var i han.»

37. Men somme av dei sa: «Han som opna auga på ein som var blind, kunne ikkje han ha hindra at denne mannen døydde?»

38. Jesus vart igjen opprørt og gjekk bort til grava. Det var ei hòle, og det låg ein stein framfor opninga.

39. «Ta bort steinen!» seier Jesus. «Herre», seier Marta, syster til den døde, «det luktar alt av han, for han har lege fire dagar i grava.»

40. Jesus seier til henne: «Sa eg deg ikkje at dersom du trur, skal du få sjå Guds herlegdom?»

Les hele kapitlet Johannes 11