Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes 11:13-26 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

13. Jesus hadde tala om at han var død, men dei trudde han tala om vanleg søvn.

14. Då sa Jesus rett ut: «Lasarus er død.

15. Og for dykkar skuld er eg glad at eg ikkje var der, slik at de kan koma til å tru. Men kom, lat oss gå til han.»

16. Tomas, han som vart kalla Tvillingen, sa då til dei andre læresveinane: «Vi går med, vi òg, så vi kan døy saman med han.»

17. Då Jesus kom fram, fekk han vita at Lasarus alt hadde lege fire dagar i grava.

18. Betania ligg ikkje langt frå Jerusalem, berre femten stadiar om lag,

19. og mange jødar var komne til Marta og Maria og ville trøysta dei i sorga over broren.

20. Så snart Marta fekk høyra at Jesus kom, gjekk ho og møtte han, men Maria vart sitjande heime.

21. Marta sa til Jesus: «Herre, hadde du vore her, så hadde ikkje bror min døydd.

22. Men no òg veit eg at alt det du bed Gud om, vil han gje deg.»

23. «Bror din skal stå opp att», seier Jesus.

24. «Eg veit at han skal stå opp att når alle står opp på den siste dagen», svara Marta.

25. Då sa Jesus til henne: «Eg er oppstoda og livet. Den som trur på meg, skal leva om han så døyr.

26. Og kvar den som lever og trur på meg, skal i all æve ikkje døy. Trur du det?»

Les hele kapitlet Johannes 11