Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes 10:30-42 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

30. Eg og Far er eitt.»

31. På nytt tok jødane opp steinar og ville steina han.

32. Jesus sa til dei: «Eg har vist dykk mange gode gjerningar frå Far. Kva for ei av desse gjerningane er det de vil steina meg for?»

33. «For ei god gjerning steinar vi deg ikkje», svara jødane, «men fordi du spottar Gud. Du som er eit menneske, gjer deg sjølv til Gud.»

34. Jesus svara: «Står det ikkje skrive i lova dykkar: Eg har sagt: ‘De er gudar’?

35. Dei som Guds ord kom til, vart i lova kalla gudar, og Skrifta kan ikkje setjast ut av kraft.

36. Kvifor seier de då om han som Far har helga og sendt til verda: ‘Du spottar Gud’ når han seier: ‘Eg er Guds Son’?

37. Gjer eg ikkje gjerningane til Far min, så tru meg ikkje.

38. Men gjer eg dei, så tru i det minste gjerningane, om de ikkje trur meg. Då skal de sjå og skjøna at Far er i meg og eg i Far.»

39. Då prøvde dei på nytt å gripa han, men han slapp ut av hendene deira.

40. Så fór Jesus attende til andre sida av Jordan, til den staden der Johannes først hadde vore og døypt, og der vart han verande ei tid.

41. Det kom mange til han, og dei sa: «Johannes gjorde ikkje noko teikn, men alt det han sa om denne mannen, var sant.»

42. Og det var mange der som kom til tru på Jesus.

Les hele kapitlet Johannes 10