Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes 10:16-36 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

16. Eg har òg andre sauer, som ikkje høyrer til denne flokken. Dei òg må eg leia; dei skal høyra mi røyst, og det skal bli éin flokk og éin gjetar.

17. Far elskar meg fordi eg set livet til så eg kan ta det tilbake.

18. Ingen tek livet mitt, eg gjev det frivillig. Eg har makt til å gje det, og eg har makt til å ta det tilbake. Denne oppgåva fekk eg av Far min.»

19. No vart det på nytt usemje mellom jødane på grunn av det han hadde sagt.

20. Mange av dei sa: «Han har ei vond ånd i seg, han er frå vitet. Kvifor høyrer de på han?»

21. Andre sa: «Slik talar ikkje ein som har ei vond ånd i seg. Ei vond ånd kan vel ikkje opna auga på blinde?»

22. Så kom den festen dei heldt i Jerusalem til minne om innviinga av tempelet. Det var vinter.

23. Og Jesus gjekk omkring i Salomos søylehall på tempelplassen.

24. Då flokka jødane seg omkring han og spurde: «Kor lenge vil du halda oss i uvisse? Er du Messias, så sei oss det rett ut!»

25. Jesus svara: «Eg har sagt det til dykk, men de trur meg ikkje. Dei gjerningane eg gjer i namnet til Far min, vitnar om meg.

26. Men de trur meg ikkje, for de høyrer ikkje til mine sauer.

27. Mine sauer høyrer mi røyst, eg kjenner dei, og dei følgjer meg.

28. Og eg gjev dei evig liv; dei skal ikkje i all æve gå tapt, og ingen skal riva dei ut av mi hand.

29. Det Far min har gjeve meg, er større enn alt anna, og ingen kan riva det ut av handa til Far min.

30. Eg og Far er eitt.»

31. På nytt tok jødane opp steinar og ville steina han.

32. Jesus sa til dei: «Eg har vist dykk mange gode gjerningar frå Far. Kva for ei av desse gjerningane er det de vil steina meg for?»

33. «For ei god gjerning steinar vi deg ikkje», svara jødane, «men fordi du spottar Gud. Du som er eit menneske, gjer deg sjølv til Gud.»

34. Jesus svara: «Står det ikkje skrive i lova dykkar: Eg har sagt: ‘De er gudar’?

35. Dei som Guds ord kom til, vart i lova kalla gudar, og Skrifta kan ikkje setjast ut av kraft.

36. Kvifor seier de då om han som Far har helga og sendt til verda: ‘Du spottar Gud’ når han seier: ‘Eg er Guds Son’?

Les hele kapitlet Johannes 10