Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes 10:1-5 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. «Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Den som ikkje går inn til saueflokken gjennom porten, men kliv over ein annan stad, han er ein tjuv og ein røvar.

2. Men den som går inn gjennom porten, er gjetaren til sauene.

3. Portvaktaren lèt opp for han, og sauene høyrer røysta hans. Han kallar sine eigne sauer med namn og leier dei ut.

4. Og når han har fått ut alle sine, går han føre dei, og sauene følgjer han, for dei kjenner røysta hans.

5. Men ein framand vil dei ikkje følgja. Dei rømmer frå han, for dei kjenner ikkje røysta til den framande.»

Les hele kapitlet Johannes 10