Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes 1:20-32 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

20. Då vedkjende han og nekta ikkje, men sa rett fram: «Eg er ikkje Messias.»

21. «Kven er du då?» spurde dei. «Er du Elia?» «Nei, det er eg ikkje», svara han. «Er du profeten?» «Nei», sa han.

22. «Sei oss då kven du er», sa dei, «så vi kan ha eit svar til dei som har sendt oss. Kva seier du om deg sjølv?»

23. Han sa: «Eg er ei røyst som ropar i øydemarka: Gjer Herrens veg bein,som profeten Jesaja har sagt.»

24. Nokre av dei som var utsende, var farisearar,

25. og dei spurde: «Kvifor døyper du då, når du ikkje er Messias og heller ikkje Elia eller profeten?»

26. Johannes svara: «Eg døyper med vatn. Men midt imellom dykk står ein som de ikkje kjenner,

27. han som kjem etter meg, han som eg ikkje er verdig å løysa skoreima til.»

28. Dette hende i Betania på andre sida av Jordan, der Johannes var og døypte.

29. Dagen etter ser han Jesus koma gåande mot seg og seier: «Sjå, Guds lam, som ber bort synda i verda!

30. Det var om han eg sa: Etter meg kjem det ein mann som er komen før meg, for han var til før meg.

31. Eg visste ikkje kven han var, men for at han skal bli openberra for Israel, er eg komen og døyper med vatn.»

32. Og Johannes vitna og sa: «Eg såg Anden dala ned frå himmelen som ei due, og Anden vart verande over han.

Les hele kapitlet Johannes 1