Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes 1:1-8 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. I opphavet var Ordet,Ordet var hos Gud,og Ordet var Gud.

2. Han var i opphavet hos Gud.

3. Alt vart til ved han,og utan han vart ikkje noko til.Det som vart til

4. i han, var liv,og livet var lyset for menneska.

5. Lyset skin i mørkret,og mørkret har ikkje overvunne det.

6. Eit menneske stod fram, utsendt av Gud; namnet hans var Johannes.

7. Han kom for å vitna. Han skulle vitna om lyset, så alle kunne koma til tru ved han.

8. Han sjølv var ikkje lyset, men han skulle vitna om lyset.

Les hele kapitlet Johannes 1