Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes' Openberring 9:2-12 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

2. Og då ho opna brønnen, steig det røyk opp som røyken frå ein stor omn, så sola og lufta vart formørkte av røyken frå brønnen.

3. Ut av røyken kom det grashopper som spreidde seg over jorda, og dei fekk same makt som skorpionane på jorda.

4. Det vart sagt til dei at dei ikkje måtte skada graset på jorda eller noko anna grønt eller noko tre, men berre dei menneske som ikkje hadde Guds segl på panna.

5. Dei fekk ikkje lov til å drepa dei, men skulle pina dei i fem månader. Og den pina var som pina når eit menneske blir stukke av ein skorpion.

6. I dei dagane kjem menneska til å søkja døden, men ikkje finna han. Dei skal lengta etter å få døy, men døden skal rømma frå dei.

7. Grashoppene likna på hestar som var gjorde klare til strid. På hovudet hadde dei noko som likna kransar av gull, og andleta var som menneskeandlet.

8. Håret deira var som kvinnehår, tennene deira var som løvetenner,

9. og bringa deira var som brystpanser av jern. Larmen av vengene deira var som larmen av mange hestar og vogner når dei rasar fram til strid.

10. Dei hadde halar med brodd som skorpionar, og i halane låg makta til å plaga menneska i fem månader.

11. Til konge over seg hadde dei avgrunnsengelen, han som på hebraisk heiter Abaddon og på gresk Apollyon.

12. Det første ve-ropet er no over, men det kjem endå to.

Les hele kapitlet Johannes' Openberring 9