Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes' Openberring 9:11-21 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

11. Til konge over seg hadde dei avgrunnsengelen, han som på hebraisk heiter Abaddon og på gresk Apollyon.

12. Det første ve-ropet er no over, men det kjem endå to.

13. Den sjette engelen bles i basunen. Då høyrde eg ei røyst frå dei fire horna på gullaltaret for Guds andlet.

14. Røysta sa til den sjette engelen, som hadde basunen: «Løys dei fire englane som står bundne ved den store elva Eufrat!»

15. Og dei fire englane vart løyste, dei som stod ferdige og venta på denne timen, denne dagen, denne månaden og dette året, for å drepa tredjedelen av menneska.

16. Talet på ryttarar i troppane deira var tjue tusen gonger ti tusen – eg høyrde talet.

17. Og slik var dei hestane eg såg i synet, og dei ryttarane som sat på dei: Mennene hadde brystpanser farga som eld, hyasint og svovel. Hestane hadde hovud som løver, og ut or munnen deira fór det eld og røyk og svovel.

18. Tredjedelen av menneska vart drepne i desse tre plagene, i elden og røyken og svovelen som kom ut or munnen på hestane.

19. For makta deira ligg i munnen, men òg i halane. For halane deira liknar slangar som har hovud, og med dei gjer dei skade.

20. Men resten av menneska, dei som slapp frå desse plagene og ikkje vart drepne, dei vende ikkje om frå det dei hadde laga med hendene sine, og heldt ikkje opp med å tilbe det. Dei tilbad vonde ånder og gudebilete av gull, sølv og bronse, stein og tre, dei som korkje kan sjå eller høyra eller gå.

21. Dei vende ikkje om frå sine mord og sin trolldom, frå sitt horeri og si steling.

Les hele kapitlet Johannes' Openberring 9