Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes' Openberring 9:1-7 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Den femte engelen bles i basunen. Og eg såg ei stjerne som hadde falle frå himmelen og ned på jorda. Ho fekk nøkkelen til avgrunnsbrønnen.

2. Og då ho opna brønnen, steig det røyk opp som røyken frå ein stor omn, så sola og lufta vart formørkte av røyken frå brønnen.

3. Ut av røyken kom det grashopper som spreidde seg over jorda, og dei fekk same makt som skorpionane på jorda.

4. Det vart sagt til dei at dei ikkje måtte skada graset på jorda eller noko anna grønt eller noko tre, men berre dei menneske som ikkje hadde Guds segl på panna.

5. Dei fekk ikkje lov til å drepa dei, men skulle pina dei i fem månader. Og den pina var som pina når eit menneske blir stukke av ein skorpion.

6. I dei dagane kjem menneska til å søkja døden, men ikkje finna han. Dei skal lengta etter å få døy, men døden skal rømma frå dei.

7. Grashoppene likna på hestar som var gjorde klare til strid. På hovudet hadde dei noko som likna kransar av gull, og andleta var som menneskeandlet.

Les hele kapitlet Johannes' Openberring 9